Ja… Jesus har allereie gjort alt, me skal ingenting gjere, og det er ingenting me kan gjere, for Gud. For eg var skuldig til døden på grunn av dei syndene eg hadde gjort, og stadig gjer. Og kva er eigentleg døden? Jo det er ei evig pine som eigentleg var meint for Satan og hans englar, og ikkje menneske. Men det er så mange menneske som har latt seg lokke vekk frå Gud og hans tilbod om nåde, om frelse, ja så ofte vert eg nok lokka sjølv òg, for eg har så lett for å bli dratt vekk av alt som er rundt meg, alt eg vil ha, alt eg vil gjere, alt som strider mot Guds bud og lov. Ja, eg er sanneleg ein stor syndar om ein skal sjå det etter Guds målestokk. Om ein ser det frå eit menneskeleg synspunkt er det berre meir og meir akseptert dette me tek oss til, men det betyr ikkje at det er rett.
Men Gud har laga til ei løysing for syndarane, han har ikkje berre laga denne løysinga og sagt at om me gjer slik og slik skal me få nåde, nei han har gitt oss denne fritt, dvs gratis. Ja, gratis for oss, men nokon måtte betala for skada som var gjort, pantry cabinet og det var Jesus då han hang på korset, då han døydde for oss, då vart det betalt med hans blod. Då fekk me sleppa den byrda me bar på og døra, den vart opna for syndaren store. Han er den einaste som kunne gjere dette, for ikkje ein einaste av oss menneske hadde hatt nok å betale med, ikkje ein einaste av oss er fri frå synd.
No er det Frelsaren som ber meg imot himmelen, han leier meg. Eg skal få vere hans brud, slik som eg er. Om nokre seier at det var ei stusseleg og elendig brud han har fått seg, då kan eg med frimod svara, det var han som valde meg.
Du kan bruka desse HTML -knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>
No comments:
Post a Comment